Medisinsk appell: Ingen krig i Europa!

10. februar 2022

Det trengs diplomati for å unngå ein humanitær katastrofe.

Leger og anna helsepersonell i Europa tar ansvaret for livreddande, førebyggjande arbeid på største alvor. Koronapandemien har vist kor langt helsepersonell er villig til å strekke seg for å redde liv. No varslar me om ei anna føreståande medisinsk krise i Europa. Ei krise som kan forhindrast, om rette tiltak blir sett i gang. Å velje diplomati framfor opprusting kan forhindre krig i Europa, og den humanitære katastrofen ein krig nødvendigvis vil medføre.

Russland er ein del av det europeiske kontinentet og europeisk kultur. Den kalde krigens slutt og Warszawapaktens oppløysing vekte håp om eit samla Europa. Men Nato vart ikkje oppløyst, og forholdet mellom Russland på den eine sida, og Nato og EU på den andre, har gradvis forverra seg dei siste 20 åra. Graden av uvennskap dei seinaste åra er svært urovekkjande. 

Eit samanbrot i tillit og rustningskontroll, og uttrekking av inngåtte avtalar, som i tilfellet Ukraina, har forverra situasjonen. Ekspansjonen av Nato austover, og tvungne endringar av Ukrainas grenser, har ikkje auka sjansen for å oppnå delt tryggleik eller fred. Å oppretthalde militære styrkar og rustningskappløp kostar både Europa og Russland dyrt – og det i ein situasjon der alle ressursar burde brukast på å kjempe mot klimaendringar og pandemi. 

Konfronterande politikk driv oss mot kanten av stupet. Begge sider skuldar den andre for å eskalere situasjonen. Det er kontraproduktivt når Nato og Russland heller bensin på bålet, og gjer haukane på begge sider ammunisjon til sine krav om ytterligare opprusting. Å sende militært personell og utstyr til begge sider av grensa aukar faren for fysisk konfrontasjon. Me kjenner igjen den farlige stillingskrigen frå krisene i Berlin i 1958 og Cuba i 1962. For 60 år sidan var verda svært nær atomkrig. Berre heroiske individ, uredde avgjersler og flaks redda oss. La oss ikkje komme dit igjen.

Det er på tide å ta eit skritt tilbake og sjå saka frå den andre sitt perspektiv. Det betyr ikkje at me skal akseptere meininga til den andre, men me må lytte til uttrykte behov og forsøke å forstå dei. La oss lære frå våre forgjengarar som i tilsvarande kriser fremma nedrusting og atomvåpenfrie sonar i Sentral-Europa. 

Det fins ingen lettvinte løysingar, men svaret ligg i diplomati. Alternativet er utenkjeleg. Krig medfører død, øydelagt infrastruktur (inkludert risiko for nedsmelting av kjernekraftverk) og flyktningar. I tillegg kjem den altoverskyggande faren for bruk av atomvåpen. Dagens konflikt involverer verdas to største atomvåpenstatar – begge med politikk som tillèt førstebruk. 

Me ber alle partar i konflikten om å 

  • stanse trugslar og avstå frå militær eskalering
  • trekke tilbake tropper og militært utsyr på alle sider av Ukrainas grenser
  • forhindre at andre statar involverer seg i militær konflikt
  • diskutere tillitsbyggande tiltak og underliggande behov på begge sider, og korleis desse kan møtast
  • stanse anklagene om kven som har skuld i å starte konflikten
  • starte samtalar om kjernefysisk nedrusting med mål om fullstendig avskaffing av atomvåpen
  • starte førebuingane for å tilslutning til FN-traktaten som forbyr atomvåpen

Me ber alle europeiske statar om å foreslå og applaudere deeskalerande tiltak som kan bidra til å forhindre krig og ein humanitær katastrofe.

Vår appell om diplomatiske forsøk på å løyse den politiske krisa betyr ikkje at me tar side i konflikten. Me ynskjer å forhindre ein potensielt ukontrollerbar konflikt som, i verste fall, kan eskalere til atomkrig.

Signer appellen  her.

Medisinsk appell: Ingen krig i Europa!

Recent Posts

4. juni 2026
Én uke etter at Norge annonserte samarbeid om atomvåpen med Frankrike samlet vi fredsbevegelsen foran Stortinget i en markering for å si nei til norsk tilslutning til franske atomvåpen.
3. juni 2026
22. mai 2026 endte den tre uker lange konferansen uten enighet om en felles plan for nedrustning.
29. mai 2026
Vi markerer motstand mot nytt atomvåpensamarbeid med Frankrike, utenfor Stortinget onsdag 3. juni kl. 08:30. Bli med!
28. mai 2026
27. mai annonserte regjeringen en ny forsvarsavtale med Frankrike som inkluderer en støtte til franske atomvåpen og såkalt “fremskutt avskrekking”.
20. mai 2026
Forskningsrapporten som ble publisert 19. mai 2026 setter lys på svakheter ved det foreslåtte amerikanske missilforsvarssystemet.
13. mai 2026
Kom til Bergen lørdag 30. mai, og hør Toshiko Tanaka fortelle om atombomben hun overlevde.
27. april 2026
Verdens land samles til Tilsynskonferansen til Ikkespredningsavtalen i New York fra 27. april til 22. mai. Norske leger mot atomvåpen er tilstede for å følge Norges deltakelse.
24. april 2026
Onsdag 22. april fikk vi høre om rollen til helsevesenet i ekstreme situasjoner fra Nasradin Abdosh Bakare og Anne Cecilie Tvedten i en samtale ledet av Amalie Johansen-Isaksen.
22. april 2026
Nei, du har ikke gått feil, vi har bare pusset opp litt.
21. april 2026
Norske leger mot atomvåpens årsmøte avholdes lørdag 26. september i Oslo sentrum.
Show More