Så langt i år har Leger mot atomvåpen fått 142 nye medlemmer, og er no oppe i eit medlemstal på 844.

I løpet av dei siste vekene har me hatt stand på haustmøtet til både Kirurgisk forening og Eldre legers forening. Formålet med slike stands er å treffe leger for å informere om Norske leger mot atomvåpen sitt arbeid, og for å rekruttere fleire medlemmar. Og det verkar! Berre dei siste to månadene har me fått 63 nye medlemmer, og mange fleire har fått informasjon om kampen mot atomvåpen.

Det er våre medlemmer som gjer oss legitimitet når me informerer om dei medisinske konsekvensane av atomvåpen, og kjempar for ein atomvåpenfri verden.

Tusen takk for støtta!

 

PS: Vil du hjelpe oss å rekruttere endå fleire medlemmer? Send dei denne lenka.